Nordpå-Tynnøl

Garden heiter Nordpå-Tynnøl, og er ein gjennomsnittleg norsk gard. Vi produserer vel 160 tonn mjølk og 7-8 tonn storfekjøtt i året. Til ei kvar tid er det 20-25 mjølkekyr og 50 andre storfe på garden. Vi har ein katt, Tasse, som er flink til å fange mus. I tillegg hender det at vi har andre dyr på garden, som gris, lam eller høner. Marit og Espen dreiv garden frå 1997 til 2013, da dei tok over etter faren til Marit. No er det Marit som driv garden aleine, med god hjelp av Pawel frå Polen. Han snakkar godt norsk. Både mor og far til Marit, og borna Trond (f. 1999), Tora (f. 2001) og Svein (f. 2004) bur framleis på Tynnøl.

Garden og borna gjer at vi lyt bevege oss i ein relativt liten radius kring Tynnøl. Vi ønskjer difor at verda kjem til oss – så anten du er frå Tromsø, Rauland, Norrköping eller Valby:

Velkommen til Lesja!