Rom og fasilitetar

Vi har fem ulike alternativ for overnatting:

  1. Eldhus
    Eldhuset er eit frittstående tømrahus. I huset er det dobbeltseng, barneseng, bord, stolar, vasskokar og peis.
  2. Utsikten
    Utsikten er eit frittståande, moderne tømrahus med ei dobbeltseng. Passer for 1-2 personer.
  3. Stabbur 1. etg
    Familierommet på stabburet har dobbeltseng, køyeseng og sofakrok. Takhøgde 169cm.
  4. Stabbur 2. etg
    Sovesalen på stabburet har fire køyesenger. Her deler du rom med andre reisande.
  5. Telt
    Har du med telt, kan du sette opp telt i hagen.

For alle som overnattar er det felles servicerom i kjellaren på hovudhuset.
Her er det toalett, dusj, kjøken med kjøleskap og komfyr.
Det er gratis te og kaffe for alle besøkande.
På kjøkenet er det ein informasjonskrok med brosjyrer og bøker.
Alle senger har leselampe, og i hagen er det ein grill som alle kan benytte.

Frukost

Ønsker du å starte dagen med ei frukostkorg? Vi serverer deg gjerne ei frukostkorg med brød, smør, ost, syltetøy, juice, mjølk, kaffe og te. Hugs å gi oss beskjed kvelden før.

Ønsker du å sjekke om det er ledig, eller bestille rom, kan du prøve vår online booking.