Her finn du oss

Tynnøl Backpackers Lodge ligg langs hovudvegen mellom Dombås og Åndalsnes (E136). Det er skilta frå hovudvegen 3 km vest for Lesja sentrum.
- Ta tog (NSB) til Lesja stasjon frå Oslo, Åndalsnes eller Trondheim.
- Mange lokale bussar frå Otta eller Dombås køyrer hit.

Lesja stasjon ligg i Lesja sentrum, 3,5 km frå Tynnøl. Gå ned til hovudvegen. Følg gangvegen 3 km vestover til du finn skiltet vårt. Følg skiltinga ned til garden.

Bussane stoppar ved ”Prestløkken”, 300 m frå Tynnøl. Følg skiltinga ned til garden.
Ekspressbuss Bergen-Trondheim og Oslo–Trondheim stoppar på Dombås.