Klikk her for prisar
Klikk her for større bilde


















Marit og Espen Tynnøl
Tynnøl
2665 Lesja

Tlf   +47 61 24 30 99
Mob +47 47 30 76 58
Mob +47 48 04 25 80

www.backpackerslodge.no
tynnol@online.no

Garden og drivarane

Garden heiter Nordpå-Tynnøl, og er ein gjennomsnittleg norsk gard. Vi produserer ca 150 tonn mjølk og 7-8 tonn storfekjøtt i året. Til ei kvar tid er det ca 25 mjølkekyr og 50 andre storfe på garden. Vi har ei katte, Tigris, som er flink til å fange mus. I tillegg hender det at vi har andre dyr på garden, som gris, lam eller høner. Vi, Marit og Espen, har drivi garden sidan 1997, da vi tok over etter faren til Marit. Vi har tre born: Trond (f. 1999), Tora (f. 2001) og Svein (f. 2004).
i er
Vi er begge utdanna naturforvaltarar frå Norges landbrukshøgskole. Før vi tok over garden, reiste vi ein del i Europa, Afrika og Latin-Amerika. Vi har rodd heile Norske-
kysten. Men alt dette skjedde for lenge sidan…
backpacer
No gjer garden og borna at vi beveger oss i mindre sirklar. Vi ønsker difor at verda kjem til oss – så anten du er frå Cape Town, San Francisco, Kyoto, Sydney eller Bergen:

Velkommen hit!

Marit og Espen ved Kyllingbru
backpackerslodge