Sykkel – turar og utleige

Det er mange fine dagsturar på sykkel frå Tynnøl. Turane har ulik lengde og vanskelighetsgrad. Her kjem nokre døme på turar:

  1. Bygdatunet 11,5 km.
    Rundtur på grus og asfalt. Småkuppert. Fyrste del av turen går på Lesjaleira med rikt fugleliv og badeplassar. Deretter til Lesja kyrkje og bygdatunet (lokalt museum). Retur på sykkelveg langs riksvegen.
  2. Lorkverna 21,5 km.
    Rundtur på grus, asfalt og litt sti. For det meste flatt. Turen går på Lesjaleira med rikt fugleliv og badeplassar. Turmål er Lorkverna (del av det lokale museet). Retur på sykkelveg langs riksvegen.
  3. Dalsida 40 km.
    Turen går litt langs sykkelveg, deretter på grus. Småkuppert/bratt. Turen går innover seterdalen Dalsida til Dyratjønn, der det ligg ein natur- og kultursti. Retur same vegen.

Tynnøl ligg langs ei fin sykkelrute fra øst (Dombås) til vest (Bjorli/Åndalsnes) i Norge, og om du ønsker overnatting undervegs, er det fint å kvile her hos oss.

Vil du leige sykkel på Lesja, kan du gjere det her hos oss!