Gardsferie

Om du ønsker, kan du få vere med oss i fjøset. Der kan du få helse på kyrne, oksane og kalvane. Ute er det nokre høner og grisar.
Vi har huske, sandkasse og leiketraktorar på garden og det er ein fin spasertur til strand og badeplass ved elva.  Midt på tunet er det ein grillplass som de kan bruke.

Avdem gardsysteri og Avdemsbue (gamal landhandel) ligg i kort gangavstand frå Tynnøl. Om de ønsker lengre turar, leiger vi ut syklar.

Vi kan òg ta imot mindre og større grupper på gardsbesøk (1-2 timar). Dette må avtalast på førehand. Berre ring, så avtalar vi ei tid.

<!--:no-->Fjøs<!--:-->
<!--:no-->Hengekøyemoro<!--:-->
<!--:no-->Jenny og Marit plukker poteter<!--:-->
<!--:no-->Ung gjeter<!--:-->
<!--:no-->Fisketur<!--:-->